Brydlaup

07.07.07 giftar Astrid og Kjell Inge seg!!!

28 mars, 2007

Ønskjeliste

Me har høyrd rykte om at nokon har lyst å kjøpa pressang til oss og lurer på kva me ønskjer oss. Me har prøvd å tenkja litt på det. Det kan vera me kjem på fleire ting etter kvart.

Solfrid (mor til Kjell Inge) held gjerne litt oversikt over gåvene. Dersom nokon tenkjer på å kjøper noko av det me har komme på, så er det fint om de gjer Solfrid ein lyd. Telefon: 56 55 73 01 , mobil: 976 32 450, E-post/msn: sttyssen@online.no.

Kjøkken/mat-ting
  • Brødbakemaskin
  • Krydderhylle som står i stil til kjøkkenet vårt, hylle som heng på veggen
  • Kenwood kjøkkenmaskin
  • Patypanne, 1,8 l
  • Brusglas ala Kreta-glasa til Kjell Inge, må tåla oppvaskemaskin
  • Raudvinsglas, må tåla oppvaskemaskin
  • Servietthaldarar, 2 stk.
  • Stor, rask vannkokar utan element i kanna
  • Eva Solo te/kaffekanne
  • Vinopptrekkjar
  • Laaaaaaaaang duk i nøytral farge
  • Serveringsbrett

Hus-ting

  • Brannteppe (Me kryssar fingrane for at dette er noko me ikkje treng og me meinar sånn til å slukka brann med, ingen fotball-laget Brann-effekt...)
  • Medisinskåp
  • Safe, brannsikker (Nokon i Liabrekka tenkjer litt meir på alle mogeleg skumle ting som kan intreffa..., enn kva andre i Liabrekka gjer...;-)
  • Tøypose eller eit eller anna til å henta ved i. Ein pose som gjer at det ikkje kjem bark og sånt ut over alt.

Ute-ting

  • Motorsag
  • Hjelm med hørselvern og visir (Til veahogst om nokon lurer på kvifor me treng ein hjelm...)
  • Vernestøvlar i str. 45

Bøker og anna underhaldning

  • Oppturboka for Hordaland (Blir gitt ut i juni)
  • Kollektivet teikneseriebok
  • Rex Rudi teikneseriebok
  • Unokortstokkar
  • Brettspel

Elles så blir me glade for heimelaga gåver frå kreative sjeler:-) Til dømes så er dørskiltet vårt i Liabrekka ganske keisamt.

2 Comments:

  • At 8:40 p.m., Blogger Kjell Inge said…

    Får me brann-møkka-lag effektar so kan me kjapt få bruk for brannteppet og, fø å sei da sånn...

     
  • At 9:31 p.m., Blogger Jan Tore said…

    Sesongkort er innkjøpt..!

     

Legg inn en kommentar

<< Home