Brydlaup

07.07.07 giftar Astrid og Kjell Inge seg!!!

08 mai, 2007

Viktige biroller

Kjøkemeister: Kjellaug (her avbilda saman med mannen Brynjar).

Om de har noko de ikkje vil at me skal vita, så kan de sei det til Kjellaug slik at ho kan gå rundt og gotta seg over alt ho veit som ikkje me veit. Kjellaug skal halda styr på oss under middagen;-)

Kjellaug gjekk 1. året på gymnaset saman med Kjell Inge. Astrid og Kjellaug gjekk på bibliotekarutdanninga samstundes.


Kjell Inge sin forlovar: Jan Tore (sjå eige innlegg ovanfor)

Astrid sine forlovarar: Turid og Silje. Silje blir berre med i kyrkja, for svigerinna hennar skal også gifta seg 07.07.07...

Astrid og Turid gjekk i same klasse på ungdomsskulen og på gymnaset.

Silje og Astrid var naboar til dei flytta frå Holmefjord:-) No er Silje flytta heim att til Holmefjord med mann og barn.